Olaug Tvedten er blant spelarane som representerer Norge i Nordisk Turnering U23.
Olaug Tvedten er blant spelarane som representerer Norge i Nordisk Turnering U23. Foto: Thomas Brekke Sæteren

Spelar turnering i England

Olaug Tvedten og det norske U23-landslaget spelar mot USA i ettermiddag.

Norge sitt U23-landslag for kvinner er i desse dagar i England, der dei skal spela turnering mot USA, England og Sverige.

Første kamp går onsdag ettermiddag klokka 16, mot USA. Så blir det møte med Sverige fredag ettermiddag, før dei avsluttar mot heimenasjonen søndag ettermiddag.

Tvedten, som har gjort sine saker bra både på klubb- og landslag denne sesongen, er ein av 22 spelarar som er med, og ho er den einaste frå Avaldsnes.

Les også: Trenaren for Avaldsnes meiner Tvedten har det lille ekstra