STORKAMP: 23. mai vert det mogelegheiter for unge fotballspelarar frå distriktet til å oppleva vestlandsderby på Brann stadion, viss det blir noko av det då. Foto: YNGVE GAREN SVARDAL

Stor interesse for fotballtur

Men no er alt i det blå.

IL Solid har alt over 100 påmelde til fotballturen på vestlandsderbyet mellom Brann og Viking i Bergen laurdag 23. mai, frå Stord, Solid og Trott. Men no er alt lagt på is, inntil vidare avklaring kva som skjer.

– Me er i tett dialog med Brann - og busselskapet - og har fått lovnad om å kunne utsetja avgjersle til 1.mai. Alle som er påmeldt er notert - og me håpar fleire er interesserte og melder seg på fram til 1. mai. Skulle det vise seg at kampen den 23. mai blir avlyst vil me sjølvsagt ta opp att dette positive arrangementet så snart det lar seg gjera. Me treng alle noko kjekt og gle oss til i desse dagar, skriv Grethe Fadnes i Solid i ein e-post.

Les også
Inviterer unge fotballspelarar med på Brann-kamp

Ho skriv at alle blir ståande på lista fram til avklaring kjem, og ho avsluttar med følgjande oppmoding:

– Vask hender ofte - gå tur i frisk luft - ta vare på dykk sjølv og kvarandre - ring ein venn - ha ein fine dag!

Les også
Koronaviruset legg barneidretten på is