Avlyser: Rune Karlsson Pedersen fortel at Stord Fotball avlyser fredagens J19-kamp, etter koronautbrotet på idrettslinja på Stord. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Fotballen held pusten etter koronautbrot på idrettslinja

Stord-spelar går i same klasse som den koronasmitta eleven.

I samråd med fotballkrinsen og motstandarlaget, Os Turn, har Stord Fotball bestemt seg for å avlysa fredagens J19-kamp på Kuventræ på Os. Det opplyser Stord-trenar Øyvind Mellemstrand til Sunnhordland.

Les også
Elev ved idrettslinja på Stord vgs. er påvist covid-19

Fullkontakt

– Me har ein spelar på laget som er klassevenninne med den smitteråka eleven, og spelaren deltok på fullkontakttrening med oss torsdag kveld, fortel Mellemstrand.

Stord-trenaren seier til Sunnhordland at elevane i den aktuelle idrettsklassen skal testa seg i helga.

Usikkert: Førebels har Stord-trenar Øyvind Mellemstrand og spelarane hans fått beskjed om å leva som normalt, sjølv om han har ein spelar på laget som tilhøyrer klassen der smitteutbrotet oppsto.

Ringt opp

Rune Karlsson Pedersen i støtteapparatet rundt J19- og damelaget i Stord Fotball fortel at han fekk melding om smitteutbrotet fredag formiddag.

– Eg blei ringt opp av vår spelar, i samband med at me stod oppførte med kamp i kveld. Ho informerte meg om at ei klassevenninne hadde testa positivt for korona, og at spelaren då følgjeleg ikkje kunne stilla.

Smittesporing

Pedersen tok straks kontakt med kommunelegen, og blei opplyst om at Stord kommune vil driva smittesporing utover fredag ettermiddag og kveld.

– Situasjonen var så uavklara at me i samråd med krinsen og Os Turn bestemte oss for å avlysa kampen.

På torsdagens fullkontakttrening deltok det 12 spelarar. Verken spelarar eller trenarar har fått beskjed om å testa seg.

– Nærkontaktane rundt vår spelar har fått tilbakemelding om å leva som normalt fram til prøvesvaret hennar føreligg. Dette svaret blir avgjerande for kva som vil skje vidare, seier Pedersen.

Les også
56 elevar sendt heim i karantene