Viktig: Tom Erling Kårbø og fridrettsgruppa ynskjer å gjera folk merksame på ein e-post som er sendt ut til folk som var klare for Sunnhordland Maraton. – Seinast 20. mai må folk må ta stilling til kva som skal skje med pengane dei har betalt inn i startkontingent, seier Kårbø. Foto: Eirik Strømme Spjeld

Sunnhordland Maraton ber folk sjekka e-posten

Tom Erling Kårbø og Stord Friidrett har sendt ut ein viktig e-post til alle som har betalt startkontingent for årets Sunnhordland Maraton.

Det var i mars månad den endelege stadfestinga av avlysinga kom, og no må folk ta stiling til kva som skal skje med pengane dei har betalt inn i startkontingent.

– Jau, dette er viktig. På ei lenkje i denne e-posten som er sendt ut, kan ein velja kva som vil skje med kontingenten for årets løp. Alternativa er å få pengane refundert, at startkontingenten vert overført til neste års løp, eller at ein donerer pengane til arrangøren, forklarer Tom Erling Kårbø som er deltidstilsett i friidrettsgruppa.

– Dersom folk vel å ikkje gjera noko innan 20. mai, kjem pengane til å verta donerte til arrangøren, legg han til.

NESTE ÅR: 1.250 stilte til start på Sunnhordland Maraton i 2019. No må dei som hadde meldt seg på til årets løp ta stilling til kva dei ynskjer skal skje med startavgifta dei har betalt. Foto: Marius Knutsen

Unngår store tap

Kårbø fortel elles at dei reknar med å unngå dei store økonomiske tapa, sjølv om årets største arrangement for Stord Friidrett sin del måtte kansellerast.

– Me fekk avlyst tidleg. Dette medførte at me ikkje allereie hadde kjøpt inn medaljar og startnummer, noko som gjorde at me sparte to nokså store utgiftspostar. Ein del folk har også signalisert at dei kjem til å donera startkontingenten til arrangøren, noko som vil hjelpa på, seier Kårbø, som likevel understrekar at dei har stor forståing for folk som gjerne har fått endra arbeidssituasjonen sin og treng pengane tilbakebetalt.

Vil prøva virtuelt løp

Landslagsløparen kan også melda om at dei jobbar hardt med å få til ei virtuell utgåve av Sunnhordland Maraton.

– Jau, me er i dialog med EQ timing om dette, men dette er ein prosess som ikkje er i mål enno. Det handlar mellom anna om at det ikkje må verta for dyrt, det må vera ei løysing som er billeg og praktisk for folk. Pengane går eventuelt berre til innkjøp av nokre medaljar og naudsynte utgifter med tidtakinga og slikt, seier Kårbø før han utdjupar.

– Dersom ein har GPS på klokka si, så kan ein springa løypa og lasta resultatet opp på Strava. Der vil alle som spring same løypa verta registrerte i same resultatlista. For å unngå for mykje folk i løypene i desse tider, så kjem me også til å spreia det utover fleire veker no i mai. Målet er at det virtuelle løpet skal gje folk motivasjon til å komma seg ut og springa løypa, fastslår Kårbø.

Dersom dei ikkje lukkast med å få til noko i samarbeid med EQ timing, så vil friidrettsgruppa mest truleg prøva å få til noko sjølv.

– Me kan eventuelt laga til eit lågterskeltilbod med påmelding på e-post. Me kjem attende med meir informasjon kring det virtuelle løpet om ikkje lenge, seier ein optimistisk Kårbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du sjå resultata frå dei to første utgåvene av Sunnhordland Maraton.