NEDTUR: Det vart ikkje det «vorspielet» til bryllaupet han ynskte seg. Morten Hillestad var langt nede etter eit nytt tap med Trott. Foto: Jarle Kaldråstøyl

Sur start på bryllaupshelga

Berre knappe døgeret før han skulle opp kyrkjegolvet hadde Morten Hillestad alt anna enn giftarmål og fest i tankane. 0-4-tapet for Varegg måtte han bruka tid for å rista av seg.

– Elendig. Me toler rett og slett ikkje å få ein imot. Då ramlar me saman og maktar ikkje å reisa oss. Me taklar rett og slett ikkje motgangen, tordna måljegeren i garderoben etter kampen.

Han fekk føra ordet og lufta frustrasjonen lenge i ein elles tyst og dyster tapsstemning.

Forståeleg

Reaksjonen og frustrasjonen til den vordande brudgomen var denne gongen forståeleg. Han sette nok ord på det resten av gjengen følte. Varegg er eit av tetlaga i pulja, men det var likevel ikkje eit typisk topp-mot-botn-oppgjer. Trottarane skapte mykje og burde ha kome seg til pause med leiing.

Men gjestene hadde banens beste i si målvakt. Ein feberredning i opningsomgangen hindra Trott-leiing ved pause. Også etter kvilda stod målvakten fram og var ein av hovudårsakene til at trottarane ikkje fekk utteljing på sine mange sjansar.

BRUDGOM OG FORLOVAR: Morten Hillestad og Tor Ove Anuglen sleit med å få fram smilet etter tapet knappe døgnet før førstnevnte skal opp kyrkjegolvet. Foto: Jarle Kaldråstøyl

Lys i tunnelen

Trass i eit klart 0-4-tap viste trottarane klar framgang frå det me har sett i føregåande kampar. Det at laget skapar såpass mange klare målsjansar gir også eit signal om at ting vil losna og skåringane vil koma.

Denne gongen skorta det mest på ro og konsentrasjon i avslutningane i tillegg nemnte gjestemålvakt som var i det umogelege hjørnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

NYTT TAP: Jonas Aadland Vad gjorde ein fin jobb på flanken, men måtte likevel bokføra nytt tap i Trott-drakt. Foto: Jarle Kaldråstøyl

TROTT - VAREGG 0-4 (0-0)

Prestagardsskogen kunstgras, fredag

Seriekamp fotball menn 4. divisjon avd. 01

47. min. 0-1, Martin Føyen

67. min. 0-2, Lamik U. Yared

82. min. 0-3, Daniel Tjørhom

90. min. 0-4, Martin Føyen

Trott: Bent Bratbakken, Fredrik Gundersen, Martin Næss, Kristoffer Slåtten, Tor Ove Anuglen, Sander M. Veum, Christopher Steensohn, Thomas B. Eide, Jonas Aadland Vad, Ken Joar Føyen, Morten Hillestad.

Innb.: Markus Øvrevikj, Alfred Tanggaard Eide og Teodor Bruborg Falk

Dommar: Kristoffer Tveit, Bergen Nord

Gule kort: Tor Ove Anuglen, Kristoffer W. Slåtten (Trott) og Magnus Skulstad og Martin Føyen (Varegg)