Avlyst: Det vert ingen Eat Move Sleep cup på Nysæter denne våren. Den årvisse turneringa skulle ha vore arrangert 18. og 19. april. På biletet ser me, frå venstre, Solid-jentene Mali L. Waage, Fia Kamilla Skår, Alva Farstad Skåla og Mia Hauge i aksjon under Eat Move Sleep cup for nokre år sidan. Arkivfoto: Eirik Strømme Spjeld

Vårens vakraste eventyr må også utgå

Fredag ettermiddag kom meldinga frå fotballgruppa i Solid om at årets Eat Move Sleep cup diverre også er avlyst.

Solid understrekar i ei pressemelding om avlysinga at dette er svært leit, men at det var det einaste rette å gjera i dagens situasjon. Dei viser også til ein dugnad som denne gongen er langt viktigare enn å få inn pengar til klubben, nemleg å stoppa spreiinga av smitte av koronaviruset.

Les også
Slik skal Stord kommune handtera tiltaka

Ifølgje pressemeldinga kan det verta aktuelt for Solid å gjennomføra Eat Move Sleep cup i haust, men dette vil eventuelt skje etter tett dialog med naboklubbane Stord og Trott som har ulike arrangement på den sida av sommaren. Alle som har betalt inn påmeldingskontingent for turneringa vil få denne refundert.

All organisert trening og møteaktivitet er utsett på ubestemt tid hjå Solid, ein klubb som elles fyller 75 år i år.

Les også
Trott rakk å gå vidare i NM-cupen, før fotballen blei korona-stoppa