Video: Bli med inn i maratonløypene

Slik ser Sunnhordland maraton ut gjennom kameralinsene til elevar på Stord folkehøgskule.

Då årets maratonfest gjekk av stabelen i og rundt Leirvik sentrum for to veker sidan, stilte 60 elevar på Stord folkehøgskule opp for å hjelpa til. Nokre av dei går på film- og tv-linja.

– Det har vore travelt, men kjekt å få filma alt saman, fortalde Caroline Eidseter til Sunnhordland etter at løparane hadde komme i mål.

FILMA LØPARANE: Alexander Svela (19, f.v.), Caroline Eidseter (23) og Ingeborg J. Sola (19) på film- og tv-linja ved Stord folkehøgskule. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Les også
Stord folkehøgskule får skryt av maratonsjefen

Dei siste dagane har alt videomaterialet frå maratonløypene blitt vurdert og redigert. Resultatet kan du sjå i toppen av denne saka.

Elevane Alexander Svela, Ingeborg Johansen Sola, Caroline Eidseter, Håkon Koch og Simon Hopperstad har stått for filminga. Koch og Hopperstad har hatt sluttjobben med redigering.

Les også
Sjekk korleis det gjekk med naboen
Les også
Sjå bileta frå målområdet her!

Les fleire saker frå Sunnhordland maraton her.