Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag er klare for å feira 70 år.
Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag er klare for å feira 70 år. Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv

Vil ha heile bygda med på feiring

Førstkommande laurdag er det jubileumsfeiring for Fitjar Idrettslag.

Idrettslaget fyller 70 år i år, medan FIL Fotball er 50 år. Det vert feira med familiedag i idrettshallen på Fitjar kultur- og idrettsbygg.

– Me oppfordrar og inviterer alle i bygda og omland til å ta seg ein tur, seier Vidar Aarskog, dagleg leiar for Fitjar Idrettslag og Fitjar Treningssenter, i ei pressemelding.

Under familiedagen vert det flust med aktivitetar i idrettshallen, der alle FIL-gruppene skal vera på plass. I tillegg vert det Fitjarmeisterskap i både melkespannhalding og bruskassestabling, el-sjokk fotball og fleire andre aktivitetar. Det vert også servering av gratis mat og drikke. Deltakarane kan også oppleva den svært talentfulle fotballtriksaren Adrian Krog, som skal halda show.

– Dette er ein perfekt dag for born og ungdom å prøva alle våre kjekke idrettsgreiner i Fitjar IL, seier Aarskog.

Les også: Dei vil ha dine innspel til ny idretts- og friluftslivsplan