Avnåla og alternativt juletre.
Avnåla og alternativt juletre. Foto: Steinar Hystad

Alternativt juletre ...

Viltre idear frå Kjell Aukrust si bokverd dukka fram i håtten ved passering dette avnåla juletreet, observert ved den vesle parkeringsplassen ved kommunen sitt anleggslager på Valvatna.

Det må har vore ein gong på tampen av 60-talet at Aukrust’n lanserte limband-teorien for kunna ta vare på juletreet frå eitt år til eit anna.

Med blankt limband i kilometersklassen var det berre å surra rundt greinene og nålene.

Treet ville nok ikkje sjå direkte nytt og ubrukt ut – men grøne parti ville det bli om ein berre hadde tolmod nok.

Sjansen for å berga treet på Valvatna er per dato ikkje til stades – men eit alternativt juletre ligg klart til å hentast. Heilt ferdigdryssa.