Den vesle stoppeplassen ved Rv 544 på Vabakkjen er for «kyss og køyr».
Den vesle stoppeplassen ved Rv 544 på Vabakkjen er for «kyss og køyr». Foto: Steinar Hystad

Arena for «Kiss and ride»

– Må vel helst reknast som arena for «Kiss and ride», som me populært seier det. Å bruka det vesle feltet til forbikøyring, er vel ikkje heilt etter boka. Årsaka til det er blitt som det er blitt, må me truleg attende til tida før Vabakkjen fekk ordentleg parkering for å finna. Då var det stoppeplass for kvikk avsetting av buss- og bilpassasjerar, seier Roberto Balzer i vegvesenet.

Stordnytt tek opp spørsmålet om bruk av det asfalterte arealet ved Rv 544, etter å har fått tips at feltet bli brukt til forbikøyringar. Det kan skje i rushtrafikken, når bilar som blinkar seg mot oppkøyring til «yrkesskulen» vert ståande og venta lenge grunna stor trafikk i motgåande felt. Då kan det bli freistande å smetta forbi på høgre sida.

– Ikkje ulovleg å svinga inn på feltet, der er jo stripla line, men å køyra forbi der, er ikkje bra, seier Balzer.

– Kvikk stopp med farvelkyss til avgåande passasjer før vidare køyring er ok. Kort sagt «kyss og køyr».