Neste veke for Per Fadnes besøk av folk frå heile Europa, som skal undersøkja nyttevekstar i naturen i Sunnhordland.
Neste veke for Per Fadnes besøk av folk frå heile Europa, som skal undersøkja nyttevekstar i naturen i Sunnhordland. Foto: Olav Røli/arkiv

Arrangerer mykologisk kongress på Stord

Neste veke, frå tysdag til fredag, blir Nordic Mycological Congress arrangert på Stord. Her kjem 60 deltakarar, primært frå Norden, men også fleire andre land. Arrangør er

Norges Sopp og Nyttevekstforening.

– Dette er eit arrangement som skjer annakvart år og går på omgang mellom de nordiske land. I år er det Norge sin tur og då har ein vald å leggja arrangementet til Sunnhordland, opplyser lokal primus motor, Per Fadnes.

Arrangementet finn stad på Grand Hotell, men kvar dag vert det ekskursjonar rundt om i regionen. Blant stadenes som skal undersøkjast nærare  er Gullberg, Lønning, Digernes, Øvrebygda/Rydland, Ånuglo, Brandvik, Mosterhamn, Heie/Eikås, Skorpo/Laukhammer, Litlekalsøy og Møkster (Austevoll) og Mosterhamn.