Sirkeltrening: Merete Nybru frå Sport-Treff arrangerte sirkeltrening for skuleelevane utanfor rådhuset under Folk i sentrum 2019. I år blir arrangementet avlyst. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Avlyser Folk i sentrum

Med bakgrunn i den spesielle koronasituasjonen me er i, har leiinga i Stord kommune i samråd med arbeidsgruppa for Folk i sentrum 2020 bestemt at arrangementet i mai vert avlyst. På kommunen si nettside står denne helsinga å lesa:

«Kjære alle påmelde, alle de som ynskja å koma til Leirvik sentrum desse dagane, alle skular som vart invitert til aktivitetsdag, alle lag og organisasjonar, alle næringsdrivande, fotballspelarar med fleire, me takkar for dykkar positive innspel og engasjement kring årets Folk i sentrum. Me håpar de ynskjer vera med på Folk i sentrum til neste år. Ta vare på kvarandre i ein annleis kvardag».