Båt saknar eigar.
Båt saknar eigar. Foto: Hamnekontoret

Båt søkjer eigar

I fire veker har denne båten lege fortøydd i gjestehamna i Evjo. Ingen har så langt meldt seg som eigar, eller gjort gjort avtale om langliggja ved Hamnekontoret. Torsdag vart båten løfta på land, då han var i ferd med å gå til botnars.

Hamnekontoret ber eigar ta kontakt snarast og innan 1. november - då vert båten levert på SIM sin miljøstasjon på Heiane.