Fleire lokale utøvarar stiller til start.
Fleire lokale utøvarar stiller til start. Foto: Egil Blomsø

Fitjarbuar på startstreken

Til helga er det klubbmeisterskap i bilcross på Vikedal motorbane, og som vanleg stiller fleire fitjarbuar til start.

Ole Lønning, Benjamin Hall og Aleksander Sætre stiller i juniorklassen, medan Oliver Andre Matre, Audun Mehammer og Jonas Heggøy køyrer i seniorklassen. Også løpsleiaren er frå Fitjar Racing Team – nemleg Sigurd André Maraas.