Fullspekka program på museet

Førstkommande laurdag arrangerer Sunnhordland museum arrangementet Haust på museet, saman med Stord husflidslag.

– Tradisjonen tru blir det mange spennande aktivitetar for store og små, med eit fullspekka program utover laurdagen, skriv museumsdirektør Linda Øen i ei pressemelding.

Museet får mellom anna besøk av Morten Kutchera (biletet) som skal demonstrera korleis ein brukar verktøy frå førhistorisk tid. Husflidlaget stiller med kjekke aktivitetar som spikking, kransebinding, hoppetau-laging og eskebretting.

– Det vert også to framsynigar med «Han Sivert». Det er ei barndomshistorie frå Fitjarøyane framført av museet sin eigen formidlar, Johanne Øvstebø Tvedten, skriv Øen.

Det heile vert krydra med toradarmusikk med Terje Skorpen og Bodil Vik og open kafe med gode moglegheitar for ein drøs over kaffikoppen.