Går mot deltakarrekord

Det ser ut til å gå mot deltakarrekord i løpsklassen under idrettsarrangementet «Langs Åkrafjorden», som går av stabelen 24. august. Det skriv arrangør IF Klypetussen i ei pressemelding.

Langs Åkrafjorden er hovudsatsinga til det vesle idrettslaget, som melder at til saman 650 deltakarar plar vera med på tur, sykling, gåing, konkurranseløp og mosjonsløp.

Tidlegare har mellom andre namn som Okubamichael Fissehatsion og Pernilla Eugenie Epland stått på startstreken i løpsklassen, men deltakinga har aldri vore spesielt stor, med 56 deltakarar på det meste.

– Men 32 påmelde i løpsklassen 11 dagar før løpet har arrangøren i IF Klypetussen aldri før vore oppe i med «Langs Åkrafjorden». Dette er kanskje ikkje veldig imponerande i seg sjølv, men rekord er rekord, melder Gisle Sellevold, leiar i hovudstyret.