annonse

– Hald deg «Aktiv til 100»

TUR
TUR: – Hald deg aktiv til 100, hugs kaffikoppen, og bli med på tur, seier (f.v.) Jakob Gullberg, Kjell Aasheim, Hans Chr. Junge (kaffisjef) og Marie Aasheim. Jakob Eldøy er også med i gruppa, men hadde ikkje høve å møta til fotosamlinga. (Foto: Steinar Hystad)

  • Steinar Hystad

Stord-Fitjar turlag si «Aktiv til 100»-gruppe startar opp haustsesongen kommande torsdag, 22. august.

– Hopp over «dørstokkmila» og bli med oss på tur til gapahuken (Friluftsambassaden) i Skjephaugen. Turleiar står på parkeringsplassen ved inngangen til Skjephaugen (frå 10.00 til 10.30), helsar velkommen og viser veg vidare. På turen brukar du den tid du treng!

I gapahuken er skogskaffien, bålkokt, naturlegvis, klar frå 10.30. Og har du ei skive i lomma og ein kopp (gjerne i tre, tipsar kaffisjefen), så er det alt du treng å ha med deg. Alle kan vera med på desse turane, alder inga hindring. Det er om lag 1,5 kilometer å gå inn til gapahuken. Men skogen ligg der, turvegar like så, i området kan du gå så langt du greier.

– Velkommen til drøs og kaffikos i skogen, helsar «Aktiv til 100»-gruppa.

Les også: Turlaget i Aurlandsdalen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Dette er ei beta-side for Sunnhordland og Stordnytt si satsing på superlokale nyheiter. I denne feeden vil me visa fram kva som skjer i krikar og krokar i Stord og Fitjar. Me set pris på innspel til korleis du meiner sida bør fungera og sjå ut.

Send oss gjerne bilete eller tips om dei små tinga som skjer rundt i nærområdet ditt.