– Hald deg aktiv til 100, hugs kaffikoppen, og bli med på tur, seier (f.v.) Jakob Gullberg, Kjell Aasheim, Hans Chr. Junge (kaffisjef) og Marie Aasheim. Jakob Eldøy er også med i gruppa, men hadde ikkje høve å møta til fotosamlinga.
– Hald deg aktiv til 100, hugs kaffikoppen, og bli med på tur, seier (f.v.) Jakob Gullberg, Kjell Aasheim, Hans Chr. Junge (kaffisjef) og Marie Aasheim. Jakob Eldøy er også med i gruppa, men hadde ikkje høve å møta til fotosamlinga. Foto: Steinar Hystad

– Hald deg «Aktiv til 100»

Stord-Fitjar turlag si «Aktiv til 100»-gruppe startar opp haustsesongen kommande torsdag, 22. august.

– Hopp over «dørstokkmila» og bli med oss på tur til gapahuken (Friluftsambassaden) i Skjephaugen. Turleiar står på parkeringsplassen ved inngangen til Skjephaugen (frå 10.00 til 10.30), helsar velkommen og viser veg vidare. På turen brukar du den tid du treng!

I gapahuken er skogskaffien, bålkokt, naturlegvis, klar frå 10.30. Og har du ei skive i lomma og ein kopp (gjerne i tre, tipsar kaffisjefen), så er det alt du treng å ha med deg. Alle kan vera med på desse turane, alder inga hindring. Det er om lag 1,5 kilometer å gå inn til gapahuken. Men skogen ligg der, turvegar like så, i området kan du gå så langt du greier.

– Velkommen til drøs og kaffikos i skogen, helsar «Aktiv til 100»-gruppa.

Les også:Turlaget i Aurlandsdalen