Skogsdrifta i Landåsen er i mål. Slik så det ut i mars.
Skogsdrifta i Landåsen er i mål. Slik så det ut i mars. Foto: Ingvild Siglen Berger

Har planta 20.000 nye granplanter

Arbeidet med hogst i Landåsen er avslutta, opplyser Frode Kloster, skogbruksleiar Sunnhordland, overfor Stordnytt.

– Vestskog har no avslutta skogsdrift og tømmerstransport. Skilt og sperringar vart delvis fjerna i byrjinga av mai, men siste tømmerbilen gjekk ikkje ut av skogen før veke 22. Siste rest av skilt vart fjerna måndag 27. mai, skriv han.

Det er også planta dryge 20.000 nye granplanter, jamfør Skoglova.

– Gjenståande arbeid er tilbakeføring av vegen. Dette vil bli gjort så snart Skogkurs sitt Bæreevne-prosjekt har teke siste målingar og vêret er med oss, skriv Kloster.