Ved Olstjødno i Fitjar.
Ved Olstjødno i Fitjar. Foto: Stord-Fitjar Turlag

Informasjonstavler ved Olstjødno

Ved Olstjødno i Midtfjellet i Fitjar har det komme nye informasjonstavler på plass, for seks ulike turar. Snart skal den store tavla bytast ut med ei ny oversiktstavle.

– Det kjem i tillegg informasjon frå Fitjar Fjellsameige i den ledige ramma, fortel prosjektleiar Odd Sverre Larsen.

Ifølgje Stord-Fitjar Turlag er det Larsen og dugnadsleiar Geir Tore Søreide som har gjort jobben med informasjonstavla, saman med fleire andre frå Fitjar.