To merka parkeringsplassar sakna i Osen.
To merka parkeringsplassar sakna i Osen. Foto: Steinar Hystad

– Manglar det noko her?

– Skal det vera slik? Det manglar i alle fall ein, kanskje to parkeringsplassar etter at det er asfaltert og merka opp att med kvitt i utgåande fil i Osen.

Slik lydde tipset Stordnytt tok imot frå ein observant byvandrar tidlegare i veka. Kikk på eldre bilete gjev tipsaren heilt rett. I den nye oppmerkinga er det fem parkeringsplassar – i den førre var det sju.

– Rett og slett ein kommunikasjonssvikt. Det skal vera sju parkeringsplassar langs refugen i Osen, og me er alt i gang med å få ny avtale med firmaet som utfører desse jobbane for oss, forklarar vegmynde i kommunen vår, Harald Oddvar Sæbø.