Stord Venstre og kulturministeren på Sunnhordland museum saman med museumsrepresentantar.
Stord Venstre og kulturministeren på Sunnhordland museum saman med museumsrepresentantar. Foto: Susanne Bondevik

Ministerbesøk på museet

Kulturminister Trine Skei Grande (V) var frukostgjest på Sunnhordland Museum.

Geir Angeltveit i Stord Venstre og museumsdirektør Linda Øen hadde invitert ministeren.

– Me ønskte å få fokus på det store behovet for å oppgradera og modernisera Sunnhordland Museum. Då var det ein perfekt stad å starta dagen når eg hadde kulturministeren med meg på rundtur, seier Angeltveit.

Stor stas

Med seg i følgjet hadde ministeren mellom anna Bjørn Olav Tveit som arbeider med kulturbygg i Kulturdepartementet.

Då ministerbesøket var omme vart han igjen for nøye gjennomgang av bygget saman med museumsdirektøren.

– Utruleg stor stas å få besøk av og få visa fram museet til kulturministeren, Stord Venstre og deira gjester. Det var veldig kjekt å få visa fram dei flotte planane me har for oppgradering av hovudbygget og ikkje minst å få synleggjera behova for ei oppgradering, seier Linda Øen.

Imponert

– Det var interessant å få lov til å koma på besøk og sjå museet. Eg er imponert over evna deira til å formidla, spesielt til barn og unge. Det var fint at Kulturdepartementet fekk sjå dei byggmessige utfordringane direkte, seier kulturminister Trine Skei Grande (V).