Rundingane er det viktigaste på turorinteringskartet

Namnekrøll, men tur-o lovleg «korona-trim»

– Kva som har skjedd er eg usikker på, det kan sjå ut som om eitkvart har hengt seg opp i den digitale redigeringa. Det er rundingar og kurvaturar på karta som opptek oss orienterarar mest, seier Arne Henrik Hovden.

Han er ansvarleg for turorienteringa i Stord si o-gruppe, som nyleg kunngjorde at postane for 2020-sesongen er lagt ut. I posen for Litlatraven er også med kart for ein runde i Gullberg, og det var ved nærare studie av denne ein familie kom noko i stuss. Dei fann stadnamn for Bandadalplasset, Holo, Hatlehaugen (ligg sentral på Leirvik) og for Hagastølen – på stader dei ikkje høyrer heime i praksis. Dette kan forklarast med teknisk svikt i produksjonen - berre så ein er merksam på det.

I desse spesielle tider for oss alle, der me kan blir leie av å halda oss innandørs, er denne utsegna frå Hovden vel så viktige som lokale namnespørsmål.

– Kjekt Stordnytt ringde, for det gjev høve til vidareformidla melding frå forbundet vårt om at turorientering er ein fullt lovleg «korona-trim». Ut i skog og mark og leit etter postar som ein ikkje treng ta på, berre å fotografera for innføring i «loggen» når ein kjem heim. God tur.