Her er gjengen bak Småsceneri, som vart starta opp i fjor haust. Anette Angeltveit Thoresen (f.v.), Anne-Beate Ulvesett Lilletvedt, Andreas Skiri Gregersen, Laila E. Føyen og Stian Tønder.
Her er gjengen bak Småsceneri, som vart starta opp i fjor haust. Anette Angeltveit Thoresen (f.v.), Anne-Beate Ulvesett Lilletvedt, Andreas Skiri Gregersen, Laila E. Føyen og Stian Tønder. Foto: HARALD ONARHEIM

Ny sesong med Småsceneri

– Etter eit år med Småsceneri på Sykkel & kaffi sin intimscene er truppen klar for nok ein sesong, skriv primus motor Anette A. Thorsen i ei melding til Sunnhordland.

Det første året har dei dramatisert innsende historier, Dagens ris og ros frå lokalavisa og laga spenning gjennom improvisert krimteater.

– Det har i grunn vore eit år med utprøving. Publikum har fylt lokalet kvar gong. Truppen er difor varme om hjarto, og fulle av optimisme og pågangsmot for hausten, fortel Thoresen.

Tre kveldar er planlagt i haust, med sesongpremiere 27. september. Då blir det hovudsakleg improvisasjonsteater og ein lengre krim. Denne gongen også med ein pianist som med-/motspelar.

Dei andre datoane er 2. november og 29. november. 2. nov. er i samarbeid med Falturiltu-festivalen.

– Velkommen, unge vaksne og gamle unge, menn og kvinner, kven og ven, store og små, optimistar og pessimistar, – dette er berre moro, skriv Thoresen.

Sjekk kva som skjer på kulturscenane i Sunnhordland her!