Stor stas: Sunnhordland har vunne to prisar i årets European Newspaper Award. Foto: Faksimile Sunnhordland

Nye prisar til Sunnhordland

Mediehuset Sunnhordland har delteke i den 21. European Newspaper Award og vann prisar i to kategoriar.

Konkurransen hadde fått meir enn 4.000 bidrag frå 184 avisar som kjem frå 25 ulike land.

Sunnhordland fekk «Awards of Excellence» for reportasjen om Eivind Gullberg som stod på trykk i Mitt Sunnhordland i juni, i kategorien «Magazine Supplement». Lena Herland Eide står bak den grafiske utforminga, og Ingvild Eide har skrive reportasjen som du kan lesa her.

I kategorien «Photo Report» fekk Sunnhordland pris for fotoreportasjen om «Framtidsfjøset», som var på trykk i Mitt Sunnhordland i oktober 2018. Utforminga hadde Marita Bakke, medan Leo Krohn stod for tekst og foto.

– Me på grafisk avdeling er sjølvsagt veldig glade for denne påskjønninga av arbeidet me gjer. I desse reportasjane har grafikaren fått så og seia frie taumar til utforming og fått brukt kreativiteten. Gode bilete og gode saker gjer det ekstra kjekt å laga fine sider. Det er fantastisk å bli premiert i denne internasjonale konkurransen med så mange bidrag, seier Mari-Anne Korsvik, leiar for grafisk avdeling hos Sunnhordland.

Ansvarleg redaktør Magne Kydland er svært nøgd med prisane.

– Dette er sjølvsagt stor stas, og stadfestar endå ein gong at Sunnhordland er heilt i kvalitets-toppen av lokalaviser, ikkje berre i Norge, men i heile Europa. Det er våre kreative og flinke medarbeidarar som gjer at me vinn så mange prisar, og det er særleg dei godt gjennomarbeidde reportasjane i magasinet Mitt Sunnhordland som utmerkjer seg, men me legg og stor vekt på å laga eit godt produkt kvar dag, på alle plattformer. Det siste nye i så måte er vår nye podkast, Stordpodden, som hadde premiere torsdag, seier han.

Under fjorårets European Newspaper Award vart Sunnhordland kåra til årets lokalavis i Europa.

Pris: Denne fotoreportasjen frå «Framtidsfjøset» på Fitjar er ein av prisvinnarane. Foto: Faksimile Sunnhordland
Les også
Sunnhordland henta gjæv pris i Wien