Også Arena for storkorsong

Arena i Borggata har i 20 år vore arena for mangslungen musikkservering på Leirvik.

Ein ny topp vart nådd laurdagskvelden då Songlaget Stordabuen med orkester, godt 50 aktørar i alt, inntok den for kvelden utvida scenen og baud på kabareten med låtar frå 1960-talet. Av plassomsyn måtte det blei ein litt annan versjon enn konserten som nyleg trekte tre fullsette storsalar i Kulturhuset.

Men all song og musikk var med til Arena. Låtane med fullt kor og trykk, og solistinnslag med både varsemd og trykk. Alt motteke av eit entusiastisk lyttande publikum «i salongen» – dei fleste i alderen med levande gode minne frå dansane i Turnhallen, Samhald, Ungdomshallen eller Samfunnshuset på 60-talet.