Tom Erling Kårbø understrekar at den virtuelle utgåva av Sunnhordland Maraton lever sitt eige liv. Om ein var påmeldt den originale maratonen, lyt ein ta stilling til om ein vil overføra plassen til neste år eller få refusjon for avlyst løp. Foto: Eirik Strømme Spjeld

Presisering om maraton

Onsdag skreiv me om Sunnhordland maraton som likevel blir sparka i gang, om enn på ein litt annleis måte. Frå 25. til 31. mai blir det nemleg avvikla maratonløp virtuelt.

– Eg må få presisera at det virtuelle løpet blir uavhengig av det vanlege løpet, understrekar maratonsjef Tom Erling Kårbø i Stord IL friidrett.

Deltakarar som var påmeldt på den originale maratonfesten lyt framleis ta stilling til om dei ønskjer å overføra plassen sin til 2021-utgåva, eller om dei ynskjer refusjon for det avlyste løpet.

Les også
Sunnhordland Maraton ber folk sjekka e-posten