Kolerakyrkjegarden er fri for buskas igjen.
Kolerakyrkjegarden er fri for buskas igjen. Foto: Ingvild Siglen Berger

Rydda kolerakyrkjegarden

Kolerakyrkjegarden på Vestbøstad utanfor Fitjar sentrum har no vorte rydda og fin, etter å ha grodd heilt att dei siste åra.

Geitrams og buskas gjorde at det omtrent ikkje var høve til ågå inn gjennom porten til kyrkjegarden, men alt dette er vekke.

Bente Bjelland, kultur- og informasjonssjef i Fitjar kommune, fortel at det er ungdomsteamet til Nav, Laget, som har gjort den flotte jobben på Kolerakyrkjegarden.  

– No jobbar Fitjar sogelag med tekst til infoskilt og plakett med namna til dei som ligg der. Helland CNC på Fitjar skal laga skilt. Me skal få skilt som viser vegen dit òg, opplyser Bjelland.

Kolerakyrkjegarden skal etter kvart verta del av ei turløype. 

No er det høve til å gå inn porten til kyrkjegarden igjen.
No er det høve til å gå inn porten til kyrkjegarden igjen. Foto: Ingvild Siglen Berger

– Me håpar at me skal få det opp slik at me kan opna det under Fitjarfestivalen!

Les også: Her skal det snart ryddast