Den spesielle garnfangsten i Langenuen.
Den spesielle garnfangsten i Langenuen. Foto: Privat

Spesiell garnfangst …

– Eg trudde beint eg hadde fått storkveito, men skjønna etter kvart at det var noko heilt anna, seier personen som nyleg fekk ein heilt spesiell fangst i garnet sitt. Nemleg ein moped. Om ikkje i fullgod stand per no, så er det ingen tvil om at det er ein liten doning med motor som ein gong har hamna i Langenuen.

Mopeden er teken på land der han vart funnen, og ventar der på eventuell eigar.