Stord kyrkje blir stengt i vekedagane frå 9. september til og med 25. oktober.
Stord kyrkje blir stengt i vekedagane frå 9. september til og med 25. oktober. Foto: STORD KYRKJE

Stengjer kyrkja for orgel-oppussing

– Etter mykje planlegging står orgelet i Stord kyrkje føre ei omfattande rehabilitering. Orgelet er for tida i svært dårleg stand og omfattande reparasjonar er nødvendig for å ta vare på dette flotte instrumentet, skriv kyrkjeverje Liv Kari Bru i ei pressemelding.

Orgelreparatørar frå Tyskland skal utføra jobben.

– Det betyr at kyrkja blir stengt i vekedagane frå 9. september til og med 25. oktober, og at alle gravferder blir flytta til Nysæter kyrkje i denne perioden. Me vonar på forståing for dette og lovar å gjera vårt beste for dei som blir råka, skriv Bru.