Her tek symjegruppa til Solid imot pengegåva.
Her tek symjegruppa til Solid imot pengegåva. Foto: Amfi Stord

Symjegruppa fekk 10.000 kroner

Breie smil i IL Solid.

Sist laurdag blei symjegruppa til Solid tildelt den såkalla Amfelia og Oskar-prisen på 10.000 kroner. Prisen blei delt ut av Amfi Stord.

– I år var det fem verdige kandidatar som var nominert: IL Solid symjegruppe, Stord IL symjegruppe, Fitjar skulekorps, Spinae Company og Moster ungdomsklubb, seier senterleiar Hans Martin S. Haavik.

Nominasjon og røysting har gått føre seg på Amdi Stord si Facebook-side. Ein har også røysta fysisk på Amfi Stord.

– «Amfelia» og «Oskar» er Amfi-kjeda sine maskottar, og målet med prisen er å gjera stas på eit lag eller organisasjon som legg ned ein stor innsats for borna, legg Haavik til.