annonse

Tok «dampen» til kulturperla i Bjoafjorden

PÅ TUR
PÅ TUR: Nesten 60 personar var med på turen. (Foto: Harald Sætre)
BÅT
BÅT: Gjengen vart frakta til lands med småbåtar, medan DS Stord I låg på «reden». (Foto: Harald Sætre)
FLOTT
FLOTT: Hus og kulturlandskap vert halde godt ved like på Romsa. (Foto: Harald Sætre)

  • Smånyttredaksjonen

Nær 60 interesserte tok turen med DS Stord I frå Leirvik til Store-Romsa laurdag, melder arrangør Harald Sætre i ei pressemelding. 

– Den tidlegare HSD-kaien på øya er ikkje stor nok til å ta i mot dampen. DS Stord I ankra difor opp ute på vika og passasjerane vart frakta i land i småbåtar. Der venta omvising og forteljing av pensjonert programleiar i NRK, John Skien og Jan Husebø frå Kystlaget Romsa, skriv han. 

BÅT
BÅT: Gjengen vart frakta til lands med småbåtar, medan DS Stord I låg på «reden». Foto: Harald Sætre

Kulturlandskapet vert pleia og bygningar vert tekne godt vare på. Båtgjestene fekk eit godt innblikk i korleis ein levde på øyane i tidlegare tider, i eit samfunn som no er historie. Det blir nok fleire turar med DS Stord I til Romsa, dette freista til gjentaking, seier arrangøren.

Lokalrutebåten i Sunnhordland hadde sitt siste faste stopp på Romsa hausten 1960, opplyser Sætre. 

FLOTT
FLOTT: Hus og kulturlandskap vert halde godt ved like på Romsa. Foto: Harald Sætre
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Dette er ei beta-side for Sunnhordland og Stordnytt si satsing på superlokale nyheiter. I denne feeden vil me visa fram kva som skjer i krikar og krokar i Stord og Fitjar. Me set pris på innspel til korleis du meiner sida bør fungera og sjå ut.

Send oss gjerne bilete eller tips om dei små tinga som skjer rundt i nærområdet ditt.