Nesten 60 personar var med på turen.
Nesten 60 personar var med på turen. Foto: Harald Sætre

Tok «dampen» til kulturperla i Bjoafjorden

Nær 60 interesserte tok turen med DS Stord I frå Leirvik til Store-Romsa laurdag, melder arrangør Harald Sætre i ei pressemelding. 

– Den tidlegare HSD-kaien på øya er ikkje stor nok til å ta i mot dampen. DS Stord I ankra difor opp ute på vika og passasjerane vart frakta i land i småbåtar. Der venta omvising og forteljing av pensjonert programleiar i NRK, John Skien og Jan Husebø frå Kystlaget Romsa, skriv han. 

Kulturlandskapet vert pleia og bygningar vert tekne godt vare på. Båtgjestene fekk eit godt innblikk i korleis ein levde på øyane i tidlegare tider, i eit samfunn som no er historie. Det blir nok fleire turar med DS Stord I til Romsa, dette freista til gjentaking, seier arrangøren.

Lokalrutebåten i Sunnhordland hadde sitt siste faste stopp på Romsa hausten 1960, opplyser Sætre.