annonse

Trong for «Operasjon buskmann»

Breiar seg
Breiar seg: Slik ser det ut for fotgjengarar på fleire vegar i kommunen. (Foto: Tipsar)
I vekst
I vekst: Klunger som strekkjer seg over fotau. (Foto: Illustrasjon)

  • Steinar Hystad

Den gongen kommunen hadde eit eige, og aktivt, trafikksikringsutval kom det årleg oppmoding til oss alle om å bli med på «operasjon buskmann». Føremålet var så edelt som å reinska siktliner og fortau for uønskt vegetasjon.

Stordnytt mottek stadig tips om at det rundt om gror særs godt og at det ikkje skal så allverdas klippeinnsats til før det blir mykje kjekkare å ferdast langs vegar og på fortau.

I vekst
I vekst: Klunger som strekkjer seg over fotau. Foto: Illustrasjon

Kjekt å gå er det i alle fall ikkje der ein har kjensle av at stikkebuskane er ute etter å rispa forbipasserande.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Dette er ei beta-side for Sunnhordland og Stordnytt si satsing på superlokale nyheiter. I denne feeden vil me visa fram kva som skjer i krikar og krokar i Stord og Fitjar. Me set pris på innspel til korleis du meiner sida bør fungera og sjå ut.

Send oss gjerne bilete eller tips om dei små tinga som skjer rundt i nærområdet ditt.