Slik ser det ut for fotgjengarar på fleire vegar i kommunen.
Slik ser det ut for fotgjengarar på fleire vegar i kommunen. Foto: Tipsar

Trong for «Operasjon buskmann»

Den gongen kommunen hadde eit eige, og aktivt, trafikksikringsutval kom det årleg oppmoding til oss alle om å bli med på «operasjon buskmann». Føremålet var så edelt som å reinska siktliner og fortau for uønskt vegetasjon.

Stordnytt mottek stadig tips om at det rundt om gror særs godt og at det ikkje skal så allverdas klippeinnsats til før det blir mykje kjekkare å ferdast langs vegar og på fortau.

Kjekt å gå er det i alle fall ikkje der ein har kjensle av at stikkebuskane er ute etter å rispa forbipasserande.