Bømlafjordtunnelen var stengd for bilberging. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Berga køyretøy i Bømlafjordtunnelen

Bømlafjordtunnelen var stengd i korte periodar.

Klokka 12.08 onsdag blei Bømlafjordtunnelen på E39 mellombels stengd.

Vegtrafikksentralen vest melde då på Twitter om to bilbergingar i tunnelen.

– Det er ein bil med motorstans, så ingen dramatikk der. Den står i ei havarilomme, seier trafikkoperatør Kjetil Løvås hos Vegtrafikksentralen til Sunnhordland.

Det andre køyretøyet er ein bil med campingvogn, som no blir frakta ut av tunnelen av bilbergar.

– Når den er ute blir mest sannsynleg tunnelen opna att, då den andre bilen ikkje står til hinder for trafikken, seier Løvås.

Klokka 12.18 opna tunnelen for trafikk. Knappe ti minutt seinare blei tunnelen stengd igjen, for at bilbergar skulle henta bil nummer to. Klokka 12.37 opna Bømlafjordtunnelen igjen for køyrande.