Bømlafjordtunnelen: Bilberging måtte til måndag føremiddag. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Måtte stengja tunnelen då bil med campingvogn fekk trøbbel

Tunnelen opna igjen så snart bilen var ute.

Vegtrafikksentralen meldte i 13.15-tida måndag at Bømlafjordtunnelen på E39 mellom Stord og Sveio måtte stengjast grunna bilberging.

– Ein bil med campingvogn havarerte i tunnelen og trong bilberging for å komma seg ut. Dei vart slept ut av bilbergar, seier Gaute Losnegård, trafikkoperatør i Statens vegvesen til Sunnhordland.

Les også
– Få orden på kaoset på vegen til Bømlo

Rundt 13.40 var bilen ute og tunnelen opna igjen.

– Kva var årsaka til at ein måtte stengja tunnelen?

– Bilen hadde køyrd så langt fram i havarilomma at det ikkje var plass til bilbergar utan å komma ut i vegbana, fortel han.

Stenginga førte til ein del kø i begge retningar, men det løyste seg raskt opp igjen då tunnelen opna.

Les også
«Havari-texas» i Bømlafjordtunnelen – tre bilar på under to timar