Trafikk: Ingen omkom i trafikken i Vestland fylke første kvartal. Ein person i Rogaland mista livet i trafikken. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Ingen omkom i trafikken i Vestland første kvartal

Statens vegvesen opplyser at det var ingen som omkom i trafikken i Vestland fylke første kvartal, medan éin person mista livet i Rogaland.

I fjor mista to personar livet i trafikken på same tid.

– Me er tidleg på året og me veit det vil vera variasjonar utover året, men ingen drepne i Vestland er gledeleg. Det er det me heile tida jobbar for, og dette viser at det er mogeleg, seier avdelingsdirektør Tone M. Oppedal i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ho legg til at me no grunna den heilt spesielle situasjonen med koronaviruset har vesentleg mindre trafikk på vegane.

Les også
Politiet: Meir råkøyring under virusutbrotet

– Det bør gje reduserte ulukker. Men det krev at me som trafikantar er oppmerksame og ikkje tek unødvendige sjansar. Helsevesenet treng ikkje belastning med trafikkskadde i denne perioden, seier ho.

Møre og Romsdal og Vestland er dei einaste fylka utan dødsulukker hittil i 2020. I Rogaland omkom ein person i februar i ei møteulukke med ein tungbil.

Totalt omkom 24 personar på norske vegar i årets tre første månadar. Det var høvesvis 20 menn og fire kvinner.

Les også
Stor trong for kontrollar: – Fleire tilfelle der framakslingane har byrja å losna