FLEIRE KONTROLLAR: Politiet var til stades på to barneskular onsdag morgon. Her frå ein kontroll på Vabakkjen måndag ettermiddag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kontakta rektor etter kontroll på barneskule på Stord

65 bilistar blei kontrollerte i morgontimane.

Politiet har hatt kontroll på barneskulane Tjødnalio og Hystad på Stord, der betjentane var spesielt opptekne av sikring av barn, og dekk.

I Tjødnalo blei 40 køyretøy kontrollerte. Éin førar fekk munnleg åtvaring for manglande bruk av bilbelte, ifølgje Sørvest politidistrikt.

I ein tilsvarande kontroll ved Hystad skule blei det ikkje nokre reaksjonar overfor dei 25 kontrollerte køyretøya. Politiet var likevel ikkje heilt nøgde.

– Forøvrig blei det registrert svært manglande refleksbruk blant barna, og rektor ved skulen har blitt informert om dette, melder operasjonsleiaren.

Politiet hadde også kontroll ved Nordbygdo ungdomsskule i går ettermiddag. Der blei ein moped, som skal ha vore trimma, avskilta på staden.