Ulike trasear: Det er ikkje gjort noko traseval for ei eventuell bru, men kryssinga over fjorden er over fire kilmoter lang, anten ein byggjer bru over der tunnelen går, frå Valevåg til Føyno (i bakgrunnen), eller om brua går frå Valevåg til området rundt Tømmervika (framme på biletet). Foto: Marius Knutsen

Lanserer bru over Bømlafjorden

Bømlafjordtunnelen oppfyller ikkje lenger tryggleikskrava, og burde hatt eit løp til. No vil Nye Veier AS byggja bru over fjorden, i staden for ny tunnel ved sida av dagens.

Bømlafjordtunnelen oppfyller ikkje lenger EU sine tryggleikskrav om stigning eller rømmingsveg. I tillegg vil ikkje tunnelen tola trafikkauken som vil komma i samband med ferjefritt, firefelts samband mellom Stavanger og Bergen.

No lanserer Nye Veier AS ideen om å byggja ei gigantbru over Bømlafjorden, i staden for å byggja ny tunnel ved sida av dagens undersjøiske tunnel, melder NRK Vestland.

– Ein bør vurdera å byggja motorvegbru over Bømlafjorden i staden for ein ny undersjøisk tunnel ved sida av den gamle, seier plandirektør Finn Aasmund Hobbesland i Nye Veier AS til NRK.

Les også
LO Vestland vil ikkje prioritera Hordfast

Krevjande og dyrt

Det statlege vegbyggingsselskapet lanserer idéen i sitt ferske forslag til prioriteringar i ny nasjonal transportplan.

– Bømlafjorden er krevjande. Den er djup, og har i dag ein svært djup og bratt tunnel. Ein bør sjå på ei bruløysing, seier Hobbesland.

Det private vegselskapet har ikkje utarbeidd konkrete traséalternativ. Hobbesland vedgår at ei bruløysing over den 4-5 kilometer breie fjorden er krevjande.

– For det første blir det ei lang bru. For det andre treng ein nok seglingshøgde til at store konstruksjonar kan passera, seier plandirektøren.

Nye Veier AS har laust anslått at ny motorveg mellom Stord og Bokn vil kosta 22,5 milliardar kroner.

Les også
Vegvesenet prioriterer Hordfast til NTP

Delte meiningar

Tysnesordførar Kåre Martin Kleppe (H) er samferdsletalsmann i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Han tykkjer ideen om Bømlafjordbru er spennande.

– Det er naturleg å sjå på nye og andre løysingar over Bømlafjorden, for å få mest mogeleg igjen for pengane. Også tryggleiksperspektivet gjer det fornuftig å vurdera bru når vegen skal oppgraderast, seier Kleppe til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øyvind Halleraker, som er leiar i Hordfast AS, påpeikar at motorveg over eller under Bømlafjorden ikkje er nødvendig før Hordfast er bygt, nedbetalt og bompengefri, kanskje rundt år 2040.

– Det er langt fram i tid og uavklart kva løysingar som kan bli aktuelle då, så me har god tid, seier Halleraker.

Les også
Meiner rundkøyring i Tveitakrysset hastar mest

Fullt så positiv er ikkje fylkesleiaren i Norges Naturvernforbund, Gabriel Fliflet, som er imot både Hordfast og heile Ferjefri E39-planen, inkludert ideen om Bømlafjordbru.

– Ein eller to nye tunnelar under Bømlafjorden, eller bru over, har å gjera med at ein vil oppgradera farten og standarden til motorveg. Det er me heilt imot, seier Fliflet, som meiner utbyggingstilhengjarane har vore strategisk tause om både økonomi og miljøeffektar av motorveg mellom Hordfast og Rogfast.

– Ingen snakkar særleg om det. Av strategiske grunnar tenkjer dei vel at Hordfast er meir enn nok i denne omgang, og så kjem dei heller tilbake til neste utgiftsbombe i ein ny runde.