FEKK TRØBBEL: Ein mann fekk problem med motorsykkelen og bestemte seg for å dytta motorsykkelen oppover mot Sveio-sida laurdag ettermiddag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Mann prøvde å dytta motorsykkelen sin tre kilometer oppover i Bømlafjordtunnelen

Fekk trøbbel med motorsykkelen.

Laurdag ettermiddag klokka 12.39 melder Vegtrafikksentralen at dei har stengd Bømlafjordtunnelen, på grunn av ein mann som dyttar ein motorsykkel oppover tunnelen mot Sveio.

– Syklisten har tre kilometer igjen med dytting. Veghjelp er på veg frå Heiane for å assistera, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter klokka 12:52.

Mannen og motorsykkelen vart plukka opp av bergebil i 13-tida, og etter at tunnelen hadde vore stengt i litt over ein halvtime vart vegen opna igjen for trafikk klokka 13.12.