STENGD I MANGE TIMAR: Stordabrua var stengt i over seks timar torsdag etter den tragiske trafikkulukka der ein sjåfør av ein varebil omkom. Foto: Olav Røli

– Me har ikkje ord

Kollegaer samlast i sorga etter den tragiske trafikkulukka på Stordabrua der ein mann i 40-åra frå Litauen omkom.

Trafikkulukka på Stordabrua torsdag morgon, der ein sjåfør av ein varebil omkom etter at ein gjenstand frå ein trailer losna og trefte varebilen, har sete ein støkk i lokalsamfunnet.

Bilen som den avdøde køyrde tilhøyrde ei lokal verksemd, og den daglege leiaren i verksemda fortel til Sunnhordland at dei er ei verksemd i stor sorg i dag.

– Me har ikkje ord, seier han, og fortel at dei no tek vare på kvarandre så godt dei kan.

Fekk tragisk utfall

Det var to personar i ulukkesbilen. Den andre personen skal ikkje ha blitt fysisk skadd, men er naturlegvis prega av hendinga. Den daglege leiaren fortel at dei no gjer alt dei kan for å ta vare på dei tilsette etter ulukka.

– I dag har me snakka ned arbeidet, og vore medmenneske for kvarandre. Det er det som er viktig etter at noko sånt har skjedd, seier han.

Arbeidsplassen har på mange måtar vore ein møteplass i sorga denne tunge dagen.

– Me har samlast her på jobben i dag, og me kjem til å samlast på Stordabrua seinare i dag også, seier den daglege leiaren.

Les også
Her minnast dei kollegaen sin

Pårørande er i Litauen

Firmaet opplyser at dei har vore i kontakt med pårørande til avdøde. Men sidan desse offisielt ikkje har blitt varsla av politiet, ventar Sunnhordland med å identifisera namnet på verksemda, av omsyn til dei pårørande.

Operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Sørvest politidistrikt fortel at grunnen til at pårørande-varsling kan ta tid, er at den avdøde er frå utlandet.

– Dei pårørande held til i Litauen, og me har førebels inga offisiell stadfesting på at pårørande har blitt varsla enno, seier operasjonsleiaren.

Les også
Ulukkesgruppa trur dette har treft varebilen