Mopedist velta etter bråstopp

Jente (16) skal vera lettare skadd.

Det var litt før klokka 15 fredag at politiet fekk melding frå AMK om ei trafikkulukke i Vikabrekko. Politiet melde først at jenta skulle ha kollidert med ein bil.

— Det viser seg at mopedisten (16) har velta som følgje av bråstans. Bilen føre henne bremsa kraftig opp for å vika for ein buss. Det har ikkje vore fysisk kontakt mellom dei to kjøretøya. Ingen personskade. Ingen politisak, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Ifølgje politiet flyt trafikken fint forbi.