Politiet på Stord sjekka mobilbruk hos bilistar i Hystadvegen i dag. Her frå ein tilsvarande kontroll på Vabakkjen måndag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Skreiv ut forelegg i Hystadvegen og Heiane

Politiet har gjennomført åtferdskontroll i Hystadvegen i tida 13.10-14.10 torsdag, melder Sørvest politidistrikt.

Det blei skrive ut fire forenkla forelegg for bruk av handhalden mobiltelefon under køyring.

Politiet hadde i same periode laserkontroll i 80-sona på E39 ved Heiane. Der blei det skrive ut ti forenkla forelegg. Høgaste fart var 100 km/t.

Tidlegare i dag var det kontroll på to barneskular på Stord. Politiet like dårleg at altfor mange elevar gjekk i mørket utan refleks.