Bømlafjordtunnelen: Redusert fart i morgontimane pga køyretøystans. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Trafikken går som normalt

Bømlafjordtunnelen var delvis stengt grunna køyretøystans.

Klokka 06.10 tysdag melde Sør-Vest politidistrikt at det er stengt i Bømlafjordtunnelen, på grunn av eit køyretøy som har fått stopp inne i tunnelen.

Politiet rykte ut, og fekk kontroll på situasjonen.

Like før klokka halv sju melder politiet at tunnelen vert opna, men med redusert fartsgrense.

– Me ber bilistane ta omsyn, skriv politiet på Twitter.

Like før klokka sju var tunnelen opna, og trafikken går som normalt, opplyser vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon.