STENGT: Ein trailer stengte Bømlafjord-tunnelen. Skal ha fått stans. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Vogntog stengde Bømlafjordtunnelen

Tunnelen var stengt cirka 30 minutt etter at vogntog fekk stans.

Klokka 08.54 tysdag vart E39 gjennom Bømlafjordtunnelen stengt grunna eit vogntog med problem.

Klokka 09.18 melde vegtrafikksentralen at vegen var opna igjen, og at vogntoget hadde komme seg ut.