Grafikar Mari-Anne Korsvik og redaktør Magne Kydland er nøgde med at Sunnhordland kan henta heim fire nye prisar i tøff internasjonal konkurranse.
<br>
Grafikar Mari-Anne Korsvik og redaktør Magne Kydland er nøgde med at Sunnhordland kan henta heim fire nye prisar i tøff internasjonal konkurranse.
Foto: Marius Knutsen

Fire avisprisar til Sunnhordland

Sunnhordland har vunne ikkje mindre enn fire priser i den europeiske konkurransen European Newspaper award.

I vår var Sunnhordland i Wien for å henta heim tre internasjonale avisprisar for første gang. No toppar Sunnhordland dette med fire prisar i European newspaper award som er ein avisdesign- og konseptkonkurranse.

 

 

 

 

Faksimile frå Folgefonna-reportasjen.
Faksimile frå Folgefonna-reportasjen.
Faksimile frå reportasjen "Tomrommet".
Faksimile frå reportasjen "Tomrommet".
Faksimile frå "Sunnhordlands finaste heim"-serien.
Faksimile frå "Sunnhordlands finaste heim"-serien.
30. september «Mitt Sunnhordland».
30. september «Mitt Sunnhordland».

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Sak om trafikkdød

Sunnhordland får pris for nyheitsreportasjen «Tomrommet», om Tone Innvær som mista sonen sin Magnus i ei trafikkulukke 12. september 2010. Journalist Anders Totland og fotograf Marius Knutsen har laga saka, og grafisk formgjevar er Mari-Anne Korsvik.

 

 

 

I denne kategorien er det av dei norsk avisene berre VG og Morgenbladet som har fått prisar. Videoreportasjen som høyrde til «Tomrommet» har tidlegare fått ein 2.-plass i Haugesund journalistlag sin journalistpris, og saka fekk også heiderleg omtale då Landslaget for lokalaviser delte ut sine prisar i april.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

 

SJÅ VIDEOEN UNDER:

((videoid=http://tv.sunnhordland.no/tomrommet))

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

- Sunnhordland har dei siste åra vunne mange prisar, både for layout, god journalistikk og foto, i ulike konkurransar. At me no for andre året på rad når opp blant dei beste og mange store mediehus i Europa er sjølvsagt ekstra stor stas. Ser me bak prisane er eg særleg stolt over at den eine saka - «Tomrommet», no har vunne prisar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Og i ulike kategoriar: Først for god journalistikk i Norge, og så for god layout i Europa, seier Magne Kydland, ansvarleg redaktør i Sunnhordland.

 

 

 

LES OGSÅ:Tomrommet

 

 

 

To prisar

Juryen, som består av leiande avisutformarar frå heile Europa, likte også serien «Finaste heim» som har fått to prisar. Ein i klassen for nyskapande avisserie. I tillegg har serien fått pris for mulitimediell storytelling. I denne kategorien var det forutan Sunnhordland berre VG som gjekk gjennom nålauga til juryen.

 

 

 

LES MEIR:Her kan du sjå finalistane

 

 

 

Tidlegare har Sunnhordland fått heiderleg omtale for den digitale satsinga «Finaste heim». Journalist Anita Haugland og grafisk formgjevar Lena Herland Eide har spela ei nøkkelroller i «Finaste Heim», den digitale utforminga står Gaute Hvoslef Kvalnes bak.

 

 

 

 

På forsommaren kom nysatsinga i Sunnhordland «Mitt Sunnhordland» ut for første gong. Også magasinet fell i smak hos juryen. «Mitt Sunnhordland» har fått pris for to saker i septemberutgåva. Her trekkjer juryen fram saka om Per Ståle Lønning og fotoreportasjen om brevandringa frå Folgefonna. Journalist Kjetil Østrem og fotograf Marius Knutsen har skrive og teke bilete til reportasjane som Mari-Anne Korsvik har teikna ut.

 

 

 

LES OGSÅ:Her kan du lesa magasinet (abo)

 

 

- Indremedisin

- Eg merkar meg også at me har fått god tilbakemelding på årets store nyvinning, magasinet «Mitt Sunnhordland», og fjor fjorårets satsing på Sunnhordlands finaste heim. Dette vart ein stor suksess, med mange visingar og mange som røysta. Dette viser at Sunnhordland også ligg langt framme når det gjeld nye måtar å presentera sakene på, og det å komma opp med nye, gode idear. Å vinna slike prisar er sjølvsagt god indremedisin for alle som jobbar i Sunnhordland, men det er også eit bevis overfor omverda at me har god kvalitet på det me lagar, vurdert av eksterne fagjuryar, seier Magne Kydland.

 

 

 

 

I fjor blei Kvinnheringen kåra til årets lokalavis i konkurransen. I år har Kvinnheringen fått tre priser: for framside, nye konsept i papiravis og for informasjonsgrafikk. Hallingdølen, Bergens Tidende, Adresseavisen, Stavanger Aftenblad og Morgenbladet har også fått prisar i konkurransen, der i alt 191 aviser frå 27 land har delteke.

 

 

 

Prisane skal delast ut i Wien 21.-23. mai 2017.

 

 

 

Desse vann årets hovudprisar i European Newspaper i år:

Årets europeiske lokalavis: Hufvudstadsbladet, Helsingfors, Finland

Årets europeiske regionalavis: Het Parool, Amsterdam, Nederland

Årets europeiske nasjonale avis: Politiken, København, Danmark

Årets europeiske vekeavis: Frankfurter Allgemeine Sonntagszeitung, Frankfurt, Tyskland