Utstillinga i Kunsthallen, med rundt 130 originalbilete frå superstjerne-illustratør Gry Moursund, og opplesingar ved Frode Grytten, Hans Sande og Helga Gunerius Eriksen, var eitt av mange høgdepunkt på årets Falturiltu, meiner festivalleiinga. På biletet les Hans Sande. Moursund til venstre.
Utstillinga i Kunsthallen, med rundt 130 originalbilete frå superstjerne-illustratør Gry Moursund, og opplesingar ved Frode Grytten, Hans Sande og Helga Gunerius Eriksen, var eitt av mange høgdepunkt på årets Falturiltu, meiner festivalleiinga. På biletet les Hans Sande. Moursund til venstre. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Falturiltu for fulle hus

Sette tre nye rekordar.

Årets Falturiltu-festival, som var den tolvte i rekkja, har igjen sett publikumsrekord. Men ikkje nok med det: Det er også sett rekord i talet på arrangement, og i talet på involverte kommunar.

– Me har telt opp publikum på dei nitti (også ny rekord) arrangementa som har blitt avvikla denne veka, og talet er 7.038. Takk til alle som kom. Dette gjev energi til sporenstreks å gå i gang med planlegginga av neste års festival, skriv festivalleiar Roald Kaldestad i ei oppsummering.

Falturiltu er også svært nøgde med, for første gong, å ha arrangement i heile ti kommunar.

– Av høgdepunkt vil me trekka fram bokbada på barne- og ungdomsskulane, og kanskje spesielt Frode Grytten på VGS med musikalske innslag frå musikklinja, var magisk. Utstillinga i Kunsthallen i år, var med rundt 130 originalbilete frå superstjerne-illustratør Gry Moursund, og opplesingar ved Frode Grytten, Hans Sande og Helga Gunerius Eriksen, skriv Kaldestad.

Men han har også ei rekkje andre arrangement som han likte svært godt.

Årets festival vart nok ein gong rekord i talet på selde billettar, og talet på arrangement, heile nitti stykk. Det er denne gjengen svært nøgde med. Roald Kaldestad (t.v.). Hege Myklebust. Trond Leirvik Onarheim. Anna R. Folkestad og Torill Nøstvåg.
Årets festival vart nok ein gong rekord i talet på selde billettar, og talet på arrangement, heile nitti stykk. Det er denne gjengen svært nøgde med. Roald Kaldestad (t.v.). Hege Myklebust. Trond Leirvik Onarheim. Anna R. Folkestad og Torill Nøstvåg. Foto: Marius Knutsen
Dokketeateret om Himmelspringaren var både morosamt og vakker, meiner festivalsjef Roald Kaldestad.
Dokketeateret om Himmelspringaren var både morosamt og vakker, meiner festivalsjef Roald Kaldestad. Foto: Henrik Mundal Andreassen

– Dokketeateret om Himmelspringaren var både morosamt og vakker, og klassikartimen på HVL, der Marit Kaldhol og Wenche Øyen diskuterte biletboka Farvel, Rune saman med festivalforfattar Kari Stai. Stai hadde oppdrag i alle sunnhordlandskommunane generelt, og ho sjarmerte alle med sin lune og fine formidlingsstil. For dei litt eldre blei nok meistermøtet mellom Come Shine, Jan Erik Vold og Einar Økland eit minne for livet, oppsummerer festivalleiaren.