Foto: Tuva Åserud

Ingrid (9) laga t-skjorte om til kjole

Onsdag var det redesign- og syverkstad på biblioteket.

Foto: Tuva Åserud

Det flyt med nål, tråd, måleband og sakser på Stord folkebibliotek.

14 sy-interesserte barn og ungdommar har møtt opp for å prøva seg med symaskinen.

Arrangementet er i samband med Berekraftvekene på Stord, og er sett i stand av Stord Husflidlag, Miljøagentane på Stord og Naturvernforbundet.

Foto: Tuva Åserud

Ingrid Moss Bjelland (9) har tatt med seg pappa si gamle t-skjorte til syverkstaden.

Mormor Turid Moss (67) hjelper til.

– Eg synest det er kjekt å vera med, seier Moss.

Foto: Tuva Åserud

Det er første gong Bjelland er på syverkstaden, men ho er godt i gang med å klippa til kjolen ho skal laga.

– Eg likar å laga ting, seier ho.

Foto: Tuva Åserud

9-åringen har god dreis på syinga. Det er kanskje ikkje så rart sidan ho og søstera fekk symaskin til jul.

– Eg har sydd topp og kjole, og eg sydde nettopp ei bukse saman med mormor, seier Bjelland.

Foto: Tuva Åserud

Vilja Heimro (11) har tatt med restestoff heimanfrå. Ho har sydd seg ei slags korg.

– Ein kan ha ting oppi. Kor mykje ting er litt avhengig av kor stor ho er, seier 11-åringen.

Foto: Tuva Åserud

Heime har ho sydd mest panneband og nokre toalettmapper.

– Korleis skal eg festa knappane? spør Heimro.

– Du må finna fram nål og tråd, seier Britt Thorsen (72), som kjem til for å hjelpa.

Foto: Tuva Åserud

Thorsen er pensjonist og er på syverkstaden som medhjelpar.

– Det er kjekt at me pensjonistar kan brukast til noko, seier ho og ler.

72-åringen synest det er kjekt å vera saman med barn og ungdom som syr, og har sjølv sydd lenge.

– Det er deilig mentalhygiene å setja seg ved symaskinen, seier Thorsen.

Foto: Tuva Åserud

Rebekka Mjølhus (13) jobbar med to prosjekt samstundes.

– No held eg på med eit hårband.

Ved sidan av ligg det som kan sjå ut til å skulla bli ein bamse.

Foto: Tuva Åserud

– Eg lagar kosebamse til søskenbarnet mitt, seier Mjølhus.

Hårbandet skal søskenbarnet òg få.

– Det er kjekt å laga ting til andre, synest eg, seier 13-åringen og trekkjer på smilebandet.