Song klassikarar for full sal
Mange møtte opp for å sjå damekoret Corona i Arena fredag kveld.
Damekoret, som kom på førsteplass i sin klasse under kor-NM i 2023, hadde invitert til ein konsert med kjente og kjære publikumsfavorittar på Arena.
– Det var ikkje mogeleg å finna ein raud tråd i denne konserten, sa konferansier og korsongar Nina Meldahl Olsen frå scena.
Tidleg i konserten song dei «Bruremarsj» av Jan Magne Førde. Dei drog òg i gong kjente songar som «Vise for gærne jinter» av Alf Prøysen og «Nei, nei gutt» av Margrethe Munthe.
Dirigent Irene Simonsen dansa og dirigerte om kvarandre gjennom heile konserten.
På eitt tidspunkt gjekk Simonsen ut og henta ein mann opp frå publikum.
– Det var jo veldig hyggjeleg, sa Geir Alvsvåg etter å ha dansa med dirigenten framfor resten av publikum.